Moro med turbingo!

Søndag hadde Barnas Turlag Eid ein fin liten junitur frå Orheimstunet i eit sommargrønt kulturlandskap. Turboreven sin turbingo freistar til gjentaking, for det var veldig kjekt!

Frå Orheimstunet på Stårheim gjekk turen på grusveg over eit gardstun der vi fekk sjå både høner og ein flott gamal traktor. Oppover mot skogen kryssa ungane av på bingoskjemaet sitt kvar gong dei fann noko i naturen som det var bilete av på arket. Det var ein kjekk aktivitet. Vi plukka også mange fine sommarblomar, men fann ikkje namnet på alle... Nista vår åt vi ved ein gamal steinfjøs ovanfor Orheim-gardane. Det var ein koselig liten tur på to timar og tilsaman var vi 31 stk i turfølget. No tek Turboreven sommarferie fram til 13. august, då er det fellestur til Ljådalsvatnet. I mellomtida håpar vi at mange vil gå Turbotrimturane i sommar. Kort for Turbotrim og T-tur Eid (trimturar for unge og vaksne) hentar du på Chatlet Sport, Eid. Styret ønskjer god sommar!