Tur til Sygnesandsnipa

Fellestur

Dato
19. september kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Start frå Lunde klokka 9 (avkøyrsle på andre sida av vegen for rasteplassen ved tunnelen). Det er merka rute heilt til Sygnesandsnipa. Vi fylgjer fyrst den tilrettelagde ruta opp Lundeskaret (steinsteg og wirehandtak på dei mest utstette stadene). Matpause når vi er komne opp skaret.

Her skil vi lag med hovudruta (som går mot Marabreen), og fylgjer ei litt mindre tydeleg merka rute på vestsida av vatnet nærast Lundeskaret. Før oppstigninga kryssar vi nokre småelvar der det bør vera mogleg å fylla vatn. Seinare kan det bli vanskelegare å finna drikkande vatn.

Sidan merkaruta går direkte mot salpunktet mellom Tuva og Sygne­sandsnipa, går vi ikkje over Tuva (1304 m.o.h.), men såleis berre til 1270 m.o.h. Dermed kan vi halda fram direkte med vidare stigning mot Sygnesandsnipa. Det meste av ruta er prega av svaberg så det er viktig å ha sko med godt feste, unngå det brattaste underlaget og unngå stader med vassig. Dette er ekstra viktig i tilfelle nedbør.  

Etter om lag 4 timar frå starten skulle vi ha nådd toppen av Sygnesandsnipa (1547 m.o.h.). Der blir det ein matpause. Så blir det å finna ut om vi får auga på Haugsvarden (som har sikteskive med markering for Sygnesandsnipa). Siktelina skal gå om lag midt mellom toppen av Ryssdalshornet og Breimsvatnet. Ho skal også gå over toppen av Høgenipa (1307 m.o.h.), som kan bli  eit turmål for MNT eit anna år.

Dersom sikt- og vêrtilhøve er bra, kan vi ta ein tur nordvestover til utsiktstoppen (1470 m.o.h.). Det blir 30 minutt for framturen og 40 minutt for tilbaketuren. Vi reknar eit samla opphald på toppunkta på 30 minutt.

Så returnerer vi den vegen vi kom opp, avbrote av ein matpause i Lundeskaret. Nedturen frå utsiktstoppen tek om lag 4 timar. Total turtid inkludert utsiktstoppen reknar vi til 9 timar.

2020-08-18: Inspeksjonstur Lunde – Lundeskaret – Sygnesandsnipa – utsiktstoppen og tilbake same vegen. Ingen problem med snø. Berre litt snø etter vegskiljet med hovudruta og litt snø på kanten til Sygnesandsnipa. Elles meir snø enn normalt for andre alternativ. Mot Kinnaklypa observert ein liten snøbre som enda rett i Trollavatn-magasinet. Men kunne ikkje vurdera om han var for bratt for passering. Så førebels er ingen alternative ruter sjekka ut.

2020-08-31: Tur til Høgenipa for fotografering (mot Haugsvarden og Sygnesandsnipa).

Bilda er frå 1998! Da vart det ein turlagstur saman med IST. 

På toppen registrerer dei som vil seg på SjekkUt - Sikteskive Haugsvarden.

Velkomne!

Kontaktinformasjon:

  • Gunnar Bjørlykke
  • Tlf. 57 86 59 89

Turleder:

  • Gunnar Bjørlykke