Etter omlag ein time køyring frå Lote er vi komne til Bjørke som ligg innerst i Hjørundfjorden i Ørsta kommune. Vi køyrer vidare nokre minutt til den vesle bygda Finnes der vi tek inn på bomveg som tek oss nesten 300 moh til munningen av Bakkedalen der vi parkerar.
Vi skal gå opp mot Russadalen, der det er ein del skog og kan vere litt vanskeleg å finne rås.
I ca 700 meters høgde dreiar vi vestover og fylgjer fjellrygg som går til høgde 1136. Ein liten kneik ventar når vi nærmar oss den flate snødekte toppen av Dukhornet.
Stigning: 290 moh-1412 moh
Distanse. ca 3 km (ein veg)
Estimert tidsbruk til toppen: ca 3 timar
Krevande (Middels tung topptur)
Vi tar ferja kl 08:20 ifrå Anda og er på rutebilstasjonen på Eid ca. kl 08:35. (Oppmøte Bjørke ca. 09:35).
Turen er gratis, men ein køyrer privatbilar og betalar bompengar sjølve.
Velkomne på turlagstur!
Dukhornet Foto: Gunnar Wangen