Topptur til Gjegnen (1670 moh) frå Hope via Nakken

Fellestur

Dato
9. august kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Gjegnen
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Start frå Hope i Hyen klokka 8:00. Parkering på parkeringsplass ved starten på vegen inn til Skordalen.

Vanlegvis går turen inn heile Skordalen og deretter øvste hylla under breen.  Einskilde år har vi gått via Lavesteinen og Gjegnabu, anten p.g.a. nedbørstilhøva eller for å få litt variasjon den eine vegen.  I år (2020) er det ein god del meir snø i dette fjellområdet enn normalt. Dette gjer at vi ikkje kan nytta den øvste hylla under breen for turen. Snøen skaper også problem i Skordalen med ekstra snøsmelting, overgang mellom snø og steinur, og framleis litt nedfall av snøblokker.

Dette innber at vi i år må gå eit stykke i taulag inn på Gjegnalundsbreen for å koma til Gjegnen. Alternativa er anten via Nakken, som for 5 år sidan, eller via Lavesteinen og Gjegnabu.  Ved å gå Nakken kjem vi naturleg inn på breen ovanfor brefallet, og  skulle dermed ha sjanse om ein meir problemfri bretur enn i brefallet med blåis og større risiko for tynne snøbruer.

Sidan Nakken no er den mest opplagde og minst kjende ruta, vil vi berre ta med beskrivinga av dette alternativet her.  Råsa opp Nakken er litt trøblete og gjengrodd i starten, men betrar seg ein del lenger oppe. Det er vaierar til hjelp på eit par utsette stader før den siste oppstigninga til vegetasjonsfritt lende. Denne oppstigninga er bratt og noko eksponert eit par stader, men går greitt berre vi tek det litt med ro. Det er bortimot snøfritt heilt opp til toppen av Skordalsfjellet (1237 m.o.h), med eit lite kliv før dette.  Når vi er komne opp her, er det nesten reine ”autostradaen” på snø heilt fram til breen. Vi må dessverre ned att til ein 1120 m.o.h. for å runda nordover på vestsida av Skjerdalshornet (1305 m.o.h.).  Så nordvestover ei brei og fin hylle fram til breen i høgde  1240 m.o.h.  Her er det innknyting i tau for kryssing av breen og oppstigning til den fjellryggen som fører til Gjegnen. Tau og selar kan vi eventuelt leggja att ved varden som er sett opp for ruta til Metteneset/Yksneenelvane.

Sidan turen via Nakken blir lenger og frå ein anna kant enn den strake vegen via Skordalen og øvste hylla under breen, er det lite sannsynleg at vi har tid til å vitja vestveggen mot Bjørndalen.  

Så blir det retur til Hope den same vegen som vi kom.

For å sikra at vi har nok breutstyr, og for å rasjonalisera registreringa av deltakarane for eventuell smittesporing i etterkant, må vi ha påmelding til turen. Påmelding innan torsdag 6. august. Vi set eit minimum på 4 deltakarar (for å få minst eitt taulag) og eit tak på 18 deltakarar (for maks 2 taulag).

Ta gjerne med eigen kroppssele om du har ein som du brukar til vanleg. Elles får du låna kroppsele eller delt sele med slynge hjå oss. Innbinding i tauet skjer med knuten St. Johan.  Ta med ei lita hovudlykt for turen. Det blir ein litt lenger tur enn vanleg, så vi kan risikera at det blir litt mørkt før vi er nede att på Hope. 

Hugs godt med kle, og noko til å ha drikke i frå vi startar på brevandringa til vi er ute att av breen. Sekk med plass til sele, og ikkje så liten at det blir komplisert å bera tau (i taupose).

Sjekking av tilhøva for Gjegnen-turen:

19.07.2020: Inspeksjontur i Skordalen til dit vi tek av frå den gamle ruta til Gjegnabu. Konstatert problem med smeltevatn, snøbre og snøblokker på svaberg.

24.07.2020: Inspeksjonstur Nakken, innstegshylle Gjegnalundsbreen, overføringa for Skordalselva, Gjegnabu og Lavesteinen. Kontatert flotte snøtilhøve mellom Skordalsfjellet og innstegshylla. Tilgang til drikkevatn sør for Skjerdalshornet og litt ved innsteget. Overføringa for Skordalselva heilt nedesnøa. Observert blokknedfall heilt inst i Skordalen. Høve til kryssing i nordsida av vatnet ved Gjegnabu.

31.07.2020: Inspeksjonstur Lavesteinen, øvste hylla under Gjegnalundbreen, overføring for Skordalselva og Nakken. Framleis høve til kryssing i nordsida av vatnet ved Gjegnabu. Øvste hylla under breen vurdert som ikkje farbar for turlaget (observert på nært hald). Frå utsikt mot Skordalen, framleis observert svabergsblokker i Skordalen, men no stort sett berre over skiljet med den gamle ruta til Gjegnabu.

Meir info får du ved å ringje turleiar på telefon 57 86 59 89 (kveld).

Turdato er endra til søndag sidan vermeldingane melder fare for lyn og torden laurdag, opphald og finare på søndag.

Velkomne til gratis turlagstur!

Topptur til Gjegnen (1670 moh) frå Hope via Nakken

Start frå Hope i Hyen klokka 8:00. Parkering på parkeringsplass ved starten på vegen inn til Skordalen. Vanlegvis går turen inn heile Skordalen og deretter øvste hylla under breen.  Einskilde ...

Kontaktinformasjon:

  • Gunnar Bjørlykke
  • Tlf. 57 86 59 89

Turleder:

  • Gunnar Bjørlykke