Topptur til Gjegnen (1670 moh) frå Hope via Skordalen

Fellestur

Dato
18. august kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Svært krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Fottur, Mnt, Gjegnen
Arrangør
Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Start frå Hope i Hyen klokka 8:00. Parkering på parkeringsplass. (Vegen opp til lunneplass er privat og ingen parkering i dalen pga. forureiningsfare til drikkevassforsyninga). 

Vi går inn heile Skordalen til botnen og tek oss opp der. Ved manglande snøbru, må vi kliva nokre hamrar. Der ligg eit tau til hjelp. Vi går opp ein liten snøbre opp frå det "nye" (Skordals)vatnet. Vi går i nedste kanten av øvste hylla under breen (unngår delvis snøbre). Dvs. litt på fjell og litt inn på snøbreen. Kryssinga av elevløpa midt på hylla kan delvis skje på snøen. Vi unngår å kryssa det djupaste av snøbreen med eventuelle sigesprekkar til snøbreen har flata ut. Det blir då litt svaberg og litt lenger å gå, men vi slepp å gå i tau. Så rett til toppen. Oppturen tek om lag 6 timar. 30 minutt pause på toppen. Før nedturen tek vi ein tur 500 m vestover og ser på utsikta mot Bjørndalsvatnet. Dette i tilfelle godt ver. Her er det luftig med  nesten 1100 m nedover.

Så returnerer vi etter same ruta som opp. Nedturen tek 5 timar. Nede om lag 19.45. Vi har av og til gått via Gjegnabu for å få litt variasjon på tilbakevegen.

Turen til Gjegnen er ein lang og krevjande tur. Det blir å gå mykje på fjell, svaberg, steinurd og snø. Det er særleg 4 punkt på ruta som krev ekstra aktsemd:

  1. Luftig stiging rundt stein (der skal vi nytta eit utlagt tau til sikring av balansen).
  2. Luftig og smal hyllepassasje (der skal vi krypa forbi på alle 4).
  3. Bratt svabergsrygg (der vi må nytta oss av alle ujamnheiter, verst i vått vêr).
  4. Kliving etter tau opp kort fjellvegg til hylle over.

Alternativ rute ned er via Lavesteinen og Gjegnabu. Isen på vatnet ved Gjegnabu har gått opp, så ruta inneber ein luftig passasje med svaberg i fjellsida rett over. Ruta om Gjegnabu er spesielt aktuell dersom skulle bli regnver. Ved kraftig nedbør på svaberga i sørvestsida av Skordalen, kan det vera risko for at dette kan føra med seg eventuelle lause steinpartiklar som snøen ikkje har klart å sopa med seg ned.

Snøtilhøva i inste delen av Skordalen er ikkje sjekka. Så dersom oppstigninga frå (Skordals)vatnet ikkje er farbar, kan det bli ein del omveg. Sett frå Gjegnabu er den øvste hylla under breen nok snøfri til at det bør vera greitt å passera, men passasjen er ikkje sjekka på nært hald. Hugs å akta på at heile Skordalen nedanfor bekkeinntaket mot X-vatnet har avrenning til Hyen vassverk.

Info: 57 86 59 89 (kveld). Det trengst ikkje påmelding til turen.

Velkomne på tur - gratis for alle.

 

Topptur til Gjegnen (1670 moh) frå Hope via Skordalen

Start frå Hope i Hyen klokka 8:00. Parkering på parkeringsplass. (Vegen opp til lunneplass er privat og ingen parkering i dalen pga. forureiningsfare til drikkevassforsyninga).  Vi går inn heile Skordalen til ...