Turbotrim og turprogram 2018

Her er oppdatert status for Turbotrimmen i Eid 2018, samt oversikt over fellesturar. Vi har og ein kano ved Villevatnet som medlemmar kan nytte gratis, utan reservasjon.

Blåfjellet/Kvanndalseggja
Blåfjellet/Kvanndalseggja Foto: Jorun Iren Hjelle Leite

Turbotrimmen 2018 (status 11. juni)

Turane kan ein gå kva tid ein ønskjer. På kvar post finn ein ei bok til å skrive namnet sitt i og ei tang til å klippe kortet med.

Tre av fire vinterpostar heng framleis ute og kan no nåast til fots eller sykkel. Dette gjeld:  Sagesætra (0-7 år), Sevlandsætra bålhytte (8-12 år) og Movatnet (8-12 år). Posten på Bjørhovdesætra er teken ned. 

Gildra naturmøteplass (0-7 år): Turbok på plass, merka med løypekort, klippetang kjem veke 24/25.

Kvanndalseggja/Blåfjellet (8-12 år): Turbok og klippetang å plass, ikkje merka med løypekort. 

Ljøsureggja (8-12 år): Turbok og tang på plass, ikkje merka med løypekort. 

Rindehornet (alle): Turbok og tang på plass, merka med løypekort. 

Grimeskarvatnet (alle): Turbok og tang på plass i kasse på skiltstolpe ved vatnet. 

Bauvatnet (alle): Turbok og klippetang på plass, merka med løypekort. 

Ytre Hennestøylen (alle): Turbok og klippetang på plass, ikkje merka med løypekort.  

Lindvikdalen bålhytte (alle): Turbok og klippetang på plass. Turbeskriving på ut.no.

Turane er merkte slik på korta: 0-7 år = turar meint for ungar fødd mellom 2011 og 2018, 8-12 år = turar meint for ungar fødd mellom 2010 og 2006. Turane har ulik vanskegrad. Det blir lik premie til ungane uavhengig av kor mange turar kvar enkelt deltakar går. Altså er det ikkje noko stress om ein ikkje får gått alle turane eller synest at nokre turar blir for lange/vanskelege! Turane er lagt inn med turbeskrivelse i nettsida UT.no. Sjå denne. Finnst som app og er kjekk å ha med tur der det er dekning.

Turbotrimkort kan hentast på Chatlet Sport Nordfjordeid. For å få premie for deltaking på Turbotrimmen må ein betale medlemskontingent til DNT i 2018 (125 kr pr. barn, 1215 kr for familie). Klippekortet må leverast inn att på Chatlet innan 17. oktober for at vi skal få registrert kven som skal ha premie. Premieutdeling blir 17. november. Følg også med på Facebook-sida vår der vi oppdaterar info om turane fortløpande.

Fellesturar er sett opp desse datoane i 2018:

21. januar: Kom deg ut-dag med bursdagsfeiring på Tua. Markering av BT Eid 10 år, DNT 150 år i 2018. 

11. mars: Skitur til Bjørhovdesetra (Turbotrimpost)

22. april: Vårtur på sykkel frå Langeland mot Hjelle/Leivdalen

2. juni: Opning av Dagsturhytta på Naustdalkamben, markering av BT Eid 10 år, bokbæring

12. august: Tur til Gildra Naturmøteplass (Turbotrimpost)

2. september: Kom deg ut-dag med kajakk-/kanopadling i Sagaparken (NB! DATO VERT FLYTTA, FØLG MED).

17. november: Lommelykttur med premieutdeling for Turbotrimmen

Turane blir annonsert i Fjordabladet, her på sida og på Facebook-sida til Barnas Turlag Eid.

Vi har og ein kano med årer liggande ved Villevatnet (fottur frå Tua, Stigedalen). Denne kan alle medlemmar nytte seg av. Hugs å ta med redningsvest. Ein treng ikkje reservere bruken, så ein kan kome ut for at nokon andre nyttar den når ein sjølv hadde tenkt det... Turen er beskriven i Ut.no frå Tua.

God tur! 

Kjekt på tur!
Kjekt på tur! Foto: Ragna Flatla Haugland