Turbopostar Barnas Turlag Gloppen

Er du klar for nye turmål? Her er oversikt over turbotrimmen i Gloppen i 2016.
Nye trimpostar i 2016
Nye trimpostar i 2016 Foto: Katrine Fjellestad Aske

Turbeskrivelsar

Gloppestadstøylen

Start på Kleivane skisenter og følg oppkøyrde løyper innover. Ta opp til venstre etter nokre hundre meter, følg løypa langs vatnet og følg merking mot Austrheimstøylen. Gloppestadstøylen er den fyrste støylen ein kjem til. Trimposten finn du ved å følgje løypa gjennom støylen og opp ein bakke. Posten er festa til gjerdet som deler støylen, på høgre sida av løypa. Avstand frå Kleivane til Gloppestadstøylen er ca. 2 km. Hugs parkeringsavgift på Kleivane.

Haugsvarden

Følg oppkøyrde løyper frå Kleivane skisenter mot Austrheimstøylen og ta av til venstre mot Haugsvarden etter vatnet. Toppen ligg 862 moh og har flott utsyn i alle retningar. Avstand frå Kleivane til Haugsvarden er ca 5 km kvar veg. Hugs parkeringsavgift på Kleivane.

Holestøylen

Følg oppkøyrde løyper frå Utvikfjellet (på motsett side av vegen for skitrekket). Hald til venstre når løypa deler seg og følg løypa utover. Holestøylen ligg på venstre sida av løypa. Avstanden er ca 2 km kvar veg.

Fløtravarden

Følg oppkøyrde løyper frå Utvikfjellet (på motsett side av vegen for skitrekket). Kortaste veg er til høgre når løypa deler seg. Avstanden er ca 6 km kvar veg.

Morafta

Sjå ut.no for beskrivelse frå Ryggjastøylen: http://www.ut.no/tur/2.7051/

Det er også råd å gå frå Rauset.

Gapahuken på Åsebø

Sjå ut.no: http://www.ut.no/tur/2.16305/

Turbotrimpostar 2016

Vinterpostane står ute fram til 17. april. Sommarpostane vert sette opp seinast 1. juni, avhengig av snøtilhøve, og står ute til og med 9. oktober. Heilårspostane står ute i heile perioden fram til 9. oktober.

2 - 9 år

10 – 12 år

Vinterturar

Gloppestadstøylen

Haugsvarden

Holestøylen

Fløtravarden

Heilårsturar

Gapahuken på Åsebø

Morafta

Sommarturar

Gåsemyrstøylen

Høgehaugen

Arnestadnakken frå Fitjevårstøylen

Dalevatnet frå Nesstøylen

Dauremålsnibba

Arnestadstøylen frå Osen/Langedalsvegen

Vetestova på Dimma