Turbotrimmen i Gloppen sommaren 2016

Åsebøvatnet
Åsebøvatnet Foto: Hege Marita Svalheim

Her er oversikt over sommarpostane i Turbotrimmen i Gloppen 2016 som er sette ut til no.

Medlemmer i Barnas Turlag kan henten turbotrimkort på Chatlet på Sandane.

Dalevatnet frå Nesstøylen

Frå Sandane køyrer du E39 til Vassenden. Ta av mot Kandal. Etter ca 10 km kjem du til Nesbrua. Rettetter den er det skilta til «Ytre Kandal- Nes støylen». Følg denne grusvegen som er ca 2,5 km lang.Etter 300 meter på grusvegen kjem du til bomveg, denne kostar 50 kr. Vegen er periodevis bratt,men i god stand. 

Parkering er ved den store parkeringsplassen før støylen. Her finn du og utedo og kart over verneområdet.

Følg vegen igjennom støylen. Her byrjar merka rås til Nesdalen. Råsa går ut og slagt oppover, og ennskal passere 3 små bruer, etter siste brua går råsa nedover mot dalen. Deretter er det flatt utovermot Dalavatnet der trimposten er. Kassa heng på ei bjørk ved råsa når du kjem ut til vatnet.

Turen er ca 2,5 km lang (kvar veg), går tidvis i myrlent terreng og er ein forholdsvis lett tur.

Der er bra med små fisk i vatnet.

Vetestova på Dimma

Køyr til Vereide og ta av til Føleide. På høgda køyrer de til høgre og føl grusvegen opp til Dimma. Hugs bompengar, kr. 40. Turen startar ved p-plassen oppe ved Dimma (skilttavle med kart). Føl råsa til Nedre Dimmastøylen. Råsa går på skrå gjennom støylsområdet og vidare til venstre for gardfjøsen. Ein føl råsa i lett terrreng til Åsebøvatnet. Fortsett på venstre side av vatnet, over demningen. Det er fortsatt eit lite stykke å gå
 Turen fram til posten er ca. 3,4 km, og tek fort 2 timar for små bein. Stadvis er terrenget vått.

Arnestadnakken frå Fitjevårstøylen

Følg fylkesveg 615 frå Sandane til Bukta, og ta av til venstre etter SFE (skilta mot Fitje). Følg vegen til du kjem til Veslevatnet. Herfrå er det bomveg vidare (bompengar 30 kr). Vidare følgjer ein vegen oppover mot Fitjevårstøylen. Ta til høgre over brua når vegen deler seg, parkeringsplassen ligg rett rundt svingen.

Gå rett oppover frå parkeringsplassen, mot Yste Skaret (ikkje innover mot Inste Skaret). Etter 400-500 meter deler råsa seg, og ein skal følgje råsa mot høgre (skilta med raud pil mot Arnestadnakken). Herfrå følgjer ein råsa til toppen. Turen er ca. 2,5 km kvar veg.

Arnestadstøylen frå Osen i Langedalen

Køyr mot Gimmestad (øvre line) og vidare mot Langedalsvegen/Gimmestadstøylen. Hugs bompenger (50kr). Ta av mot Langedalen og køyr til parkeringsplassen. Turen begynner på fin grusveg og går over til klopper og fin rås langs med vatnet. Dette er ein fin tur for sjølv dei minste. Tidsbruk omlag frå 30 min til 1 time inn til støylen.

Gåsemyrstøylen

Følg bomvegen (30 kr) frå Egge til parkeringsplassen ved Eggestøylen. Turen går innover dalen i småkupert terreng, men er ein relativt lett tur. Ein må rekne 1 til 2 timar kvar veg, avhengig av alder.

Dauremålsnibba

Køyr opp Jardalsvegen frå Søreide, hugs bompengar. Frå p-plass fortset ein på grusvegen opp til Søreidestøylen. I enden av vegen går ei tydeleg rås oppover. Ein må nok rekne minimum 2 timar til toppen for små barneføter.

Gapahuken på Åsebø (2-9 år)

Sjå ut.no for turbeskrivelse.

Morafta (10-12 år)

Slik kjem du til Morafta: Køyr frå Sandane sentrum fv 615 mot Rygg. I Bukta tar ein av ved skiltet Rauset, og følger øvrelinja til ein passerer Ryggelva på Grov. Derfra er det grusveg med bompenger (40 kr) opp til parkeringsplassved Ryggjastøylen.

Turen startar ved parkeringsplassen på Ryggjastøylen, ein følger ikkje skogsvegen mot Traudalsvatnet, men tek i staden ein enkel traktorveg rett fram oppover lia. Etter ei stund tek ein til venstre på sti som følgjer ryggen opp gjennom skogen. Etter eit myrparti om lag i skoggrensa går stien bratt rett oppover til Morafta. På toppen har ein vidt utsyn over Sandane og Gloppefjorden, nyt utsikten! Ein går same veg tilbake.

Lengde på turen med born: 2-3 timer opp til toppen, kortare tid nedatt.  
Tal kilometer: ca 3 km ein veg

Høgehaugen

Kjør til Rauset på Sørstranda, og kjør helt opp øverst på Rauset. Her starter støylsveien til Sandstøylen. Husk bompenger (40 kr). Det er mulighet for å parkere litt forbi Sandstøylen. Følg traktorveien videre opp ca. 1 km. Når du har fått Hestenesvatnet på din venstre side, da går det en rås opp til høyre mot Høgehaugen. Her er skilt. Følg råsen til toppen. I alt er turen ca. 2 km, og tar omkring 45 min for barn. God tur ;-)


Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Bjarte Lofnes Hauge 26. mai 2016