Torsdagstrill  2019

Foto: Marius Dalseg Sætre

Hei alle saman!!😀 Godt nytt år! Håpar alle har hatt ei bra jul- og nyttårsfeiring og er klar for nye trilleturar i 2019!😊 Vi startar opp igjen med trilletur først komande torsdag 10.januar. Fekk tilbakemeldingar med den gjengen som var med i haust at det passar fint å ha oppmøte kl.10.00. Ynskjer gjerne innspel om ein ynskjer å forskyve oppmøte til feks kl 11 e.l.

Nytt år med torsdagstrill Datoar kjem her etterkvart (https://www.facebook.com/groups/230987257553634/)

. Det er Mari Ann Jacobsen og Tone Anita Nilsen som byttar på å vere turleiarar. Sleng deg med desse kjekke damene på trilletur, da vel! 

Tanken bak torsdagstrillen er å samle heimeverande mødrer og fedrar med småbarn til trilletur på dagtid i frisk luft og bevegelse i sosialt lag og ute i fin natur. Ein må ta med niste og drikke, sitteunderlag og elles det ein treng når ein har med små ungar ut på tur. Turane går på ulike stader i kommunen, ofte på grusveg, men avhengig av føreforhold kan det også bli asfalttur. Varigheit er 1-2 timar avhengig av turrute. Ein treng ikkje vere medlem i turlaget for å delta. Her er alle velkomne! Følg Facebook-sida vår: (https://www.facebook.com/bteid/).