Ungdommar på terrengsykling 

Full fart
Full fart Foto: Jørgen Dølvik Husbyn

Full fart og god fres med seks ungdommar på stisykling på Sandane, etterfulgt av overnatting i hengekøye på TIN-campen

Tysdag 30 juni, vart det stisykling på Sandane. Syklane, som til vanleg står i Førde vert frakta til Sandane i hengar på morningen. Kl 13.00 møtte Marie Sørum, som er prosjektleiar for born og unge i Sogn og Fjordane Turlag og Jørgen Dølvik Husbyn, kjentmann, seks spente ungdommar på parkeringa hjå Nordfjord Folkehøgskule. 

Dei fyste 15 munuttane besto av punping av luft i dekk, smøring av sykkelkjeder og ein intro som inneheldt informasjon om syklane, og korleis ein nytter ein terrengsykkel på sti. Jørgen tok oss fyrst med til Nordfjord Stisenter, ein fin tillaga sykkelsti med doseringar og nokon hopp, ein fin stad å begynne. Etter 3 runder i stisenteret skulle vi sykle ein tur i nærområdet, vi fekk sykle på nokon nydelige stiar, og alle deltakarane klarte seg godt gjennom heile turen, og det vart mykje smil!

 Syklane vert ståande på Sandane, dersom nokon av ungdommane ynskjer å låne sykkel gjennom sommaren- ta kontakt med Katrine (tlf 47456485), gje beskjed dagen før. Gratis for medlemmar, dei som ikkje er medlemmar har ikkje høve å låne utan at dei er ilag med ein medlem. Lyst til å melde deg inn? Meld deg inn her.

Vidare utover kvelden vart det overnatting i hengekøye på TIN- campen. Tre kjekke ungdommar vart med på ein natt i naturen, saman med Marie Sørum, og Jakob Leivdal Haavik! Det vart middagslaging, kortspeling, godterieting og forskjellige leikar som eksempel gjømsel. Det vart stille i campen rundt kl 24.00. Etter ein overraskande god natt søvn åt vi frukost, og pakka ned campen på morgonen. 

Alt i alt ein flott dag og natt! 

Skrevet av Marie Sørum 6. juli 2020