Eid ungdomsskule gjennomførte Opptur 2020 i juni, i strlande ver.

Opptur 2020

Foto: Ståle Sandal

8.klasse på Eid ungdomsskule hadde Opptur i juni, i fantastisk bra ver.

Vi traff perfekt på vermeldingane, og då dei to bussane som tok oss med frå Eid ungdomsskule til Harpefossen skisenter stoppa, kunne vi sjå lia vi skulle gå opp bada i sol. Elevane likte stigninga oppover, for den var ikkje for bratt, og første målet på turen var Lidavarden. Då dei første nærma seg siste stigning opp til toppen, såg vi at tida ikkje ville strekkje til i høve den intensjonen vi hadde med roleg og sosial tur. Vi avbraut toppturen, og gjekk vidare mot Gautevatnet. Her hadde vi ein strålande matpause, før turen gjekk vidare ned til Skårhaug og tilbake til Eid ungdomsskule.

Vi takkar turlaget for støtta, utan den ville denne turen ikkje vorte gjennomført. Vi håpar mange fleire får gleda av slike midlar, for ungdomen kosar seg i fjellet når vi først får dei ut.

På vegne av 8.trinn EUS 2019-2020

Ståle Sandal

Teamleiar

Skrevet av Irene Margrete Lunde 16. september 2020