Blei ikkje Gjegnen denne gongen

På tur  i Skordalen
På tur i Skordalen Foto: Vegard Fagerli

Fin tur sjølv om Gjegnen ikkje blei besøkt.

Ein liten, men motivert gjeng på 7 stk prøvde seg laurdag på å gå til Gjegnen frå Hope. Ruta gjekk opp Skordalen, forbi Skordalsvatnet og vidare opp i retning Gjegnen. Det var vått denne dagen, det gjer steinane glattare og ruta vert vanskelegare å gå effektivt. Oppe på 1200 moh bestemte vi oss for å snu og gå via Gjegnabu og Hope på returen. Skodda låg tungt rundt fjellet, det gjorde det enklare å ta avgjersla. Området er fasinerande vakkert og vi hadde ein utruleg fint tur sjølv om vi ikkje kom heilt opp.

Fasinerande landskap i Skordalen
Fasinerande landskap i Skordalen Foto: Vegard Fagerli
Foto: Vegard Fagerli

Skrevet av Katrine Fjellestad Aske 18. august 2021