Kjekke trilleturar

Torsdagstrill til Asbjørnstova.
Torsdagstrill til Asbjørnstova. Foto: Ragna Flatla Haugland

Her er korte referater frå torsdagstrilleturane med BT Eid hausten 2016.

4/11-16: Fire små, fire store og ein flott førvintersdag med nydeleg ver i Heggjabygda. 

20/10-16: Fem vogner og også denne veka eit vakkert haustvær. Vi gjekk frå Tua innover i Fladalen og opp til høgda før Langevatnet, tilbake til Asbjørnstova der vi fyrte opp grillen og varma oss ostesmørbrød, før vi gjekk tilbake til bilane. Vi har hatt SÅ flott vær på alle turane i heile haust. Det er nesten ikkje til å tru!

6/10-16: Fem vogner og eit vakkert haustvær. Vi gjekk frå Bjørhovde, opp til Slitteberget, tilbake same vegen, rundt om Bjørhovdeåsen, ein tur oppom Grøthaug, ned til Bjørhovde. Matpakka åt vi inne med Reidun. Trivelig! 

22/9-16: Elleve barnevogner og tolv vaksne trilla frå Utstillingsplassen på Eid og opp langs Sørsidevegen. Flott vær, flott utsikt over heile Eid Sentrum. Liten rast i vegenden før vi snudde og gjekk same veg tilbake. Godt oppmøte!

8/9-16: Elleve mødrer med vogn og småungar møtte fram på Tua. - Supert oppmøte! Sola varma og det vart sommartemperatur. Vi trilla inn til den nye flotte grillhytta i Fladalen; Asbjørnstova. Her var det blitt veldig fint. Dette er eit ypperlig turmål for små og store både som fottur, sykkeltur eller skitur om vinteren. Vi åt nista vår ute på benkane, mens vi skravla og fôra ungane før vi gjekk same vegen tilbake. Det var ein veldig trivelig tur!

25/8-16: Fem mødrer med vognungar gjekk frå Harpefossen til Bjørhovdesetra. Her fekk vi kome inn i Reidun sitt sel å varme oss (takk!). Små og store åt litt niste her før vi trilla same vegen tilbake. Vi hadde det veldig kjekt på turen, så vi håpar at fleire småbarnsforeldre vil kome og bli med oss neste gong.


I Heggjabygda
I Heggjabygda
Grøthaug, Haugen.
Grøthaug, Haugen.
Rast ved Asbjørnstova i Fladalen.
Rast ved Asbjørnstova i Fladalen. Foto: Ragna Flatla Haugland
Bjørhovdesetra, Hjelmelandsdalen.
Bjørhovdesetra, Hjelmelandsdalen. Foto: Ragna Flatla Haugland