Gratis utlån til medlemmar

Truger:

Vi har ulike typar truger til utlån, og eit par skistavar. Medlemmar kan låne på Chatlet Eid og Sandane. Utlånstid er ca ei veke av gongen.

Via Ferrata slynger:

Medlemmar kan låne utstyr gratis, vi har sitjeselar, slynger og hjelmar. Vi oppfordrar alle til å legge att pengar til vedlikehald, der er eiga kasse der ein startar sjølve klatringa i Loen.

Kontakt Chatlet Sandane, eller Eid for lån. (Utlån er eit tilbod for medlemmar som er over 13 år, eit sett pr. medlem)   

Padleutstyr:

I 2015 har vi kjøpt inn padle-utstyr for gratis utlån til medlemmar. Vi har padleutstyr plassert i Langedalen, Traudalen, Gjengedalen og på Eid. Alt utstyr er merka. (Hugs å ta med bompengar i Gloppen)

I Gjengedalen er alt inne i eit naust i vika ved Gjengedalsstøylen. Naustet er merka med T, og vi har årar og vestar på venstre sida. Årane ligg over kajakkane.

I Langedalen er årar og vestar inne i uthuset, kajakkar på utsida. Også her er raud T.

På Eid er alt inne i naustet.

I Traudalen er det litt meir provisorisk enno, padleutstyret er på nausttomt ved sida av vegen til Dalsbøen. Flytevestar i ei putekasse.

Du må tinge kanoar/kajakkar på førehand, gjerne dagen før: http://www.supersaas.com/schedule/MNT/Kajakkutleige Skal du tinge same dag kan du få ei feilmelding, då kan du reservere ein dag fram i tid og endre reservasjonen til rett dag etterpå. Vi skal få retta innstilling i programmet, men inntil vidare er dette metoden.

Om du ikkje får epost ved bestilling, så er den truleg i spamfilteret ditt.

SIKKERHETSUTSTYR

Vi har kjøpt inn GPS, skredsøkarar, søkestenger og spadar. Kontakt leiar for utlån av sikkerhetsutstyr.