Gjegnen
Gjegnen

Lover for Midtre Nordfjord Turlag

Gjeldande lover for Midtre Nordfjord Turlag har vore uendra i lang tid. Det tyder på at dei er godt utforma. Men dei er kanskje ikkje heilt oppdaterte med omsyn til tilknytninga vår til DNT. Lovene blir difor publiserte her slik at medlemene våre kan gjera seg kjende med dei.

"LOVER FOR MIDTRE NORDFJORD TURLAG.

§ 1 FØREMÅL

Laget har til føremål å fremje allsidig tur- og friluftsliv i lagsområdet. Laget skal arbeide for: a) Skiping av fjellturar til fots og på ski. b) Betra fjellvett. c) Ivaretaking av gamal fjellkultur. d) Betring av overnattingstilhøva i fjelltraktene.

§ 2 MEDLEMER

Medlemer er alle dei som betalar årleg kontingent.

§ 3 STYRET

Styret skal vere samansett av leiar, nestleiar, kasserar, skrivar og styremedlem. I tillegg to varastyremedlemmer. For at styret kan ta avgjerder, må leiaren, eller i hans fråvær, nestleiaren vera til stades. I tillegg minst to styremedlemmer.

Styret forvaltar laget sine midlar i samsvar med §1, og avgjer elles alle saker som ikkje er lagde til årsmøtet. Styret konstituerer set sjølv. Det nemner og opp dei nemnder det er bruk for. Leiaren eller kasserar og eit styremedlem bind laget ved sine underskrifter.

§ 4 ÅRSMØTET

Vanleg årsmøte vert halde i november. Tidspunkt og sakliste for årsmøtet vert kunngjort med 14 dagars varsel i lagsområdet sine aviser. På årsmøtet skal ein gjennomgå: a) Årsmelding for føregåande kalendaråret. b) Revidert rekneskap pr. 31.10. c) Budsjett for inneverande år. d) Val. e) Fastsetjing av årleg kontingent. Avgjerder på årsmøtet vert tekne med vanleg fleirtal, med unntak av dei avgjerdene som er nemnde i § 6 og § 7.

§ 5 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Styret kallar inn til ekstraordinært årsmøte når det finn det naudsynt. Innkalling, varsling og røystereglar som for vanleg årsmøte.

§ 6 LOVENDRINGAR

Endring av lovene kan berre gjerast med 2/3 fleirtal. Skriftlege framlegg må vere komne til styret seinast sju dagar før årsmøtet.

§ 7 OPPLØYSING

Turlaget kan oppløysast dersom det vert vedteke på ordinært årsmøte med 3/4 fleirtal, og det vert gjenteke på eit ekstraordinært årsmøte som vert innkalla med minst tre vekers varsel. Ved oppløysing skal midlane overdragast til idrettslaga i lagsområdet med lik part på kvar.

TILLEGG

Medlemmer og varamedlemmer av styret skal velgjast for to år om gongen. Leiar og nestleiar skal ikkje velgjast same året. På kvart årsmøte skal det velgjast ei valnemnd på tre medlemmer - med leiar. Valnemnda innstiller kandidatar som skal velgjast til styret på neste årsmøte."